Stranda og Fjord kommunar utviklar tolegrenseanalyse og besøksstrategi
I løpet av 2025 skal Stranda kommune og Fjord kommune gjennomføre ein omfattande tolegrenseanalyse. Analysen vil vere grunnlag for å utvikle ein besøksstrategi som skal bidra til ei berekraftig utvikling av reiselivet i regionen.
Prosjektet skal kartleggje kor stor belastning lokalsamfunn, natur og infrastruktur toler, og samtidig analysere kva marknadssegment som er mest relevante og føremålstenlege for framtidig turisme. Dette arbeidet vil danne grunnlaget for prioritering av målgrupper og utvikling av tiltak som tek vare på både natur, lokalbefolkning og næringsliv.
Arbeidet skal gjennomførast av 2469 Reiselivsutvikling, som har lang erfaring med slikt arbeid. Prosjektansvarlege er Børre Berglund og Trond Amland.
Prosessen består av fire hovudaktivitetar:
- HA1: Tolegrenseanalyse
- HA2: Marknadsanalyse og segmentering
- HA3: Utforming av besøksstrategi
- HA4: Gjennomføring av tre arbeidsmøte med arbeidsgruppa
Prosjektet følgjer ein strukturert tidsplan med datainnsamling, analysar, innspelsmøte, innbyggjarundersøking, intervju og synfaringar gjennom våren og sommaren 2025. Resultata skal danne grunnlaget for utvikling av strategiske mål og tiltak, som blir drøfta og vidareutvikla i arbeidsmøte.
Som ein del av medverknadsprosessen inviterte vi til to folkemøte:
- Valldal, 14. mai 2025
- Geiranger, 15. mai 2025
Her fekk innbyggjarar, næringsliv og andre interesserte høve til å kome med innspel og diskutere framtidas reiseliv i kommunen. Trond Amland var med på begge møta og noterte ned alle dei ulike innspela som kom frå dei som møtte opp.
Då vi gjerne vil ha med så mange innspel som mogleg, vil det også bli sendt ut ein digital innbyggjarundersøking der alle som har tilknyting til kommunane blir oppmoda om å kome med tilbakemelding og synspunkt.
Denne blir sendt ut i veke 33, og blir open i ca. 4 veker for alle til å svare.
Prosjektet skal ende opp i konkrete leveransar innan oktober 2025, med mål om å utarbeide ein heilskapleg strategi som sikrar gode besøksopplevingar – og samtidig tek vare på lokalsamfunn og naturressursar.
Rapporten vil bli tilgjengeleg og presentert for alle innbyggjarar og bedrifter, og her vil dato og stad bli publisert når det er klart.
Ta gjerne kontakt med dei i arbeidsgruppa eller Destinasjon Ålesund & Sunnmøre om det er spørsmål rundt arbeidet.
Medlemmane i arbeidsgruppa er:
Frå kommunane:
Einar Arve Nordang – Ordførar Stranda
Terese Jemtegård Moen – Ordførar Fjord
Næringsliv:
Hotel Union Geiranger – Monja Mjelva
Geiranger skysslag/Dalsnibba - Ann Kristin Mossberg
Ræin Adventures - Britt Ingunn Tafjord Walle
Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv – Katrin Blomvik Bakken
Offentlege aktørar:
Stranda Hamnevesen - Rita Berstad Maraak
Møre og Romsdal Fylkeskommune:
Lillian Sæther
Hilde Arna Tokle Yri
Destinasjon Ålesund & Sunnmøre:
Tom Anker Skrede
Stranda/Fjord Cruisenettverk – Linn Giske Friedl
Les mer
-
Felles KI-satsning for norsk reiseliv
-
Kampanjerapporter 2026
-
Markedskampanjer og synlighet 2026
-
Bus parking in Ålesund, Molde, Kristiansund, Geiranger
-
Historisk dag med generalforsamling og bransjetreff for Visit NorthWest
-
Generalforsamling & Bransjetreff
-
Bli med på et praktisk digitalt kurs for reiselivet
-
Markedspakker — supertilbud frem til 1.juni 2026
-
Rekordstort NTW 2026
-
Rekordstort NTW 2026
-
Korleis påverkar verdssituasjonen sommarsesongen?
-
Lovar og reglar for marknadsføring av alkohol
-
God gjestedøgnsstatistikk for 2025
-
Bli partner i destinasjonsselskapet
-
Hva skaper reiselivet av verdier?
-
Presentasjoner fra digital reiselivstime Møre og Romsdal
-
Om oss
-
Partneraktiviteter 2026
-
Internasjonalt og nasjonalt bransjearbeid
-
Internasjonalt og nasjonalt pressearbeid
-
Hva skal vi hete? Bli med på navnedugnad
-
Nytt destinasjonsselskap for Møre og Romsdal er stifta
-
Kampanjerapporter 2025
-
Markedspakke 3: B2C Forbrukermarkedsføring
-
Markedspakke 2: Pressetur
-
Markedspakke 1: B2B
-
Nytt felles destinasjonsselskap for Møre og Romsdal
-
Markedspakke 5: Cruise
-
Markedspakke 4: Internasjonale direkteruter
-
Digital reiselivstime Møre og Romsdal