God gjestedøgnsstatistikk for 2025
Overnattingsstatistikken for desember 2025 er no klar, og vi kan sjå tala for heile året. Vi er spesielt glade for at vi har fleire gjestar og lengre opphald utanom sommarsesongen. Vi har sterk vekst frå utlandet, og særleg frå USA. Samanlikna med siste normalår før pandemien så har vi heile 14 % auke i talet på gjestedøgn, og hovuddelen av auken kjem i skuldersesongane.
Tyskland og USA størst i Møre og Romsdal
Dersom vi ser på fylket under eitt, og samanlagt alle månadane i 2025, så ser vi ein auke i talet på gjestedøgn på 8 % frå utlandet og 1 % frå Norge. 3 % auke totalt. Alle tal er i høve til 2024. For Sunnmøre var det 9 % auke frå utlandet og 2 % frå Norge. Ein svak nedgang på Norge i Nordvest på 1 %, men 6 % auke frå utlandet.
Tyskland er størst og står for 220 658 gjestedøgn, men har ein nedgang på 4 % for all overnatting i høve til 2025. Det kan sjå ut som at dei vel vekk hotell, men held nokolunde stand på camping/hytte.
Vi har imidlertid ein stor auke frå USA på 22 % og fylket har heile 63 512 amerikanske gjestedøgn. Rett framfor Sverige og Nederland. Vi er glad for å sjå at auken kjem også utanom sommarmånadane. Dersom vi ser kun på hotellovernattinger, er USA er definitivt nr 1 på statistikken.
Vi har også stor auke frå Storbritannia og Italia i 2025. Det er også verdt å merke seg at Taiwan, India og Kina har god auke, og ikkje minst Polen. Delar av auken frå Polen kan tilskrivast arbeidskraft som bur på hotell og hytter, men direkteruta frå Gdansk har nok også stor innverknad.
Rekordtal i desember og auke på vinter, vår og haust.
Desembertala for fylket viser ein totalauke på 11 % som fordeler seg på 8 % frå Norge og 27 % frå utlandet. Tala for desember er ikkje store, men det viser ein klar tendens til at fleire vel å kome utanom sommarsesongen. Det er særleg på Sunnmøre at desemberauken kjem, noko som kan tilskrivast fleire opne hotell og tilgjengelege aktivitetar også i juleferien.
I desember har vi solid auke frå spesielt USA, men også Storbritannia, Nederland, Polen og Sør-Europa har god auke i desember. Ukraina er høgt på statistikken for desember, noko som truleg kan tilskrivast familiebesøk i juleferien, noko vi sjølvsagt også er glade for bidreg.
Vi ser generelt god auke på haust, vår og vinter, og det er også her fokuset ligg i marknadsføringa vår. Ser vi på perioden september til og med desember, er det ein auke på 9 % frå utlandet og 2 % frå Norge til fylket i høve til 2024.
17 % fleire utanlandske overnattingar enn i 2019
Samanliknar vi med 2019 – altså før pandemien, så er det god grunn til å juble. For fylket under eitt så har vi 14 % auke. 12 % for Norge og 17 % frå utlandet. Dette viser at den felles satsinga på haustmarknadsføring er viktig og rett.
Auka omsetning og stabil opphaldstid
Omsetninga hittil i år har auka både per overnatting og per gjest med høvesvis 6 og 4 %.
Opphaldstida er stabil, med ein liten auke blant norske gjester, men vi ser at opphaldstida om hausten og vinteren er betydeleg lengre for utanlandske gjestar, enn dei norske.
Vi ser også at det er ein auke i kapasitetsutnyttinga av senger i høve til 2024, og då særleg om vinteren.