Nytt destinasjonsselskap for Møre og Romsdal er stifta
Visit Nordvest og Destinasjon Ålesund & Sunnmøre blir no slått saman til eitt destinasjonsselskap. Stiftingsmøtet i Molde 11. desember, markerte eit historisk steg for reiselivsnæringa i Møre og Romsdal. Etter ein lang prosess med stadig tettare samarbeid mellom dei to selskapa, brei involvering og stort engasjement frå både næring og kommunar, ser vi no fram til å bli eit endå betre reiskap for reiselivsnæringa og kommunane i fylket.
Ein historisk dag for reiselivet i Møre og Romsdal
– Dette er ein stor og historisk dag for oss i dei to selskapa og for reiselivet i fylket, sa Tom Anker Skrede, reiselivssjef i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre, og Torunn Dyrkorn, reiselivssjef i Visit Nordvest. Begge peikar på at selskapa lenge har jobba så tett at samanslåinga kjennest naturleg, og at prosjektet har fått sterk støtte frå tilsette, medlemer og kommunar.
Grundig prosess
Prosessen har vore grundig og inkluderande, med PwC som rådgjevar. Medlemer, kommunar og tilsette har delteke gjennom innsiktsarbeid og djupneintervju. Målet har vore å etablere eit robust, næringsdrive selskap med ei tydeleg rolle og som eit godt verktøy for reiselivsnæringa og kommunane i fylket.
Styrka satsing på berekraftig heilårsturisme
Det nye selskapet skal styrke satsinga på heilårsturisme, sesongutviding og vere ein aktiv pådrivar for berekraftig reiselivsutvikling. Teknologi og kompetanseutvikling, særleg innan KI, blir også eit viktig satsingsområde. Selskapet skal òg vere eit bindeledd mellom aktørar og saman med kommunane bidra til bulyst og levande lokalsamfunn og større verdiskaping i reiselivsnæringa.
Meir fleksibel forretningsmodell som aksjeselskap
Det nye selskapet er eit non-profit aksjeselskap, der kommunar og næringsaktørar kjøper aksjar, synlegheit og tenester. Ein ny og meir fleksibel forretningsmodell gir betre tilpassing til ulike behov for både medlemer og kommunar. Kommunane betalar ein sum per innbyggjar, med moglegheit for tilleggstenester. Medan næringsbedriftene kan velje mellom ulike marknadspakkar i tillegg til ein grunnpakke som alle aksjeeigarar må forplikte seg til. Alle må kjøpe minimum 1 og maksimum 2 aksjar pålydande kr 5000 for å vere med. Aksjar kan i først omgang teiknast fram til 15. desember. Neste høve blir ved første generalforsamling til våren. Dersom du ønsker innflytelse på første ordinære generalforsamling så må du teikne deg som aksjonær før 15. desember. Dette kan du gjere ved å fylle ut skjema HER.
Organisering
Vi vil ha kontor i Kristiansund, Molde og Ålesund som tidlegare. Forretningsadressa blir lagt til Ålesund. Tom Anker Skrede er konstituert dagleg leiar og Torunn Dyrkorn er konstituert stabssjef fram til det blir tilsett ein reiselivssjef for selskapet. Stillinga skal lysast ut i nær framtid.
Vi inviterer til namnedugnad
Det nye selskapet blir no registrert i Brønnøysundregisteret, men namnet er ikkje klart. Vi inviterer til ein namnedugnad, der forslag kan sendast inn fram til 16. januar HER. Premien blir ei overnatting med middag på ei valfritt Classic Norway i Møre og Romsdal, så her er det berre å hive seg med og sende inn forslag!