ÅRSMØTE OG BRANSJETREFF 29. APRIL 2025
29. april 2025, inviterer Destinasjon Ålesund & Sunnmøre til årsmøte og bransjetreff i Ålesund.
Etter den ordinære årsmøtedelen, vert det presentasjon av marknadsarbeidet og B2B-arbeidet til destinasjonsselskapet.
Vi inviterer deretter våre medlemer med på eit «familieråd» der vi diskuterer vårt nære samarbeid med Visit Nordvest og vegen vidare, før vi overlet scena til den nye SoMe-stjerna på Sunnmøre: Yvonne Haagensen.
Vi fyller på med meir SoMe-kunnskap frå Visitnorway ved Evgenia Egorova og Stefan Olsen frå Up and Away gir oss ein status på om kampanjene til destinasjonsselskapet har nådd målgruppene sine, og korleis dette blir jobba med.
Som i fjor, har vi inngått eit samarbeid med konferansen The Northwest, og det er mulig å melde seg på ein høgaktuell sesjon om demokratiets utvikling i ei uroleg verd som ein siste del av bransjetreffet.
Vi avsluttar med mat og prat saman med reiselivskollegaer frå heile Sunnmøre på Dampsentralen.
Vi gler oss til å møte flest mogleg, og oppmodar om å melde på fleire frå kvar bedrift.
Har du spørsmål, ta kontakt med helen@visitalesund.com, tel. 93 03 40 27.
Arrangementet finn stad i Ålesund på Thon Hotel Ålesund.
Sjå program under for detaljar.
Påmelding via denne lenka: https://forms.office.com/e/4migCSb6bM
Mine dokumenter
-
Program årsmøte og bransjetreff 2904 2025
-
Budsjett 2025 DÅS sign
-
DÅS Fullstendighetserklæring sign
-
DÅS Følgebrev revisjonsberetning
-
DÅS Revisjonsberetning 2024
-
Fullmaktskjema årsmøte DÅS 29 04 2025
-
Innkalling og sakliste Årsmøte DÅS 29 04 2025
-
Kontingentsatser DÅS 2025
-
Reiselivssjefen oppsummerar året DÅS 2024
-
Valnemndas innstilling Styret DÅS 2025
-
Vedtekter for Destinasjon Ålesund Sunnmøre
-
Årsoppgjør 2024 DESTINASJON ÅLESUND SUNNMØRE sign
-
Årsrapport fra Styret DÅS reiselivsåret 2024 sign