Geirangerfjorden

SIGHTSEEING

Eit naturens meisterverk – Geirangerfjorden byr på fossar, fjell og fråflytta fjordgardar i dramatisk harmoni.

UNESCO-vern og ikonisk fjordlandskap

Geirangerfjorden er kjend som ein av dei vakraste fjordane i verda – ein 20 kilometer lang fjordarm av Storfjorden, mellom Hellesylt og Geiranger. Fjorden er ein del av Vestnorsk fjordlandskap, som står på UNESCO si verdsarvliste, og det er ikkje utan grunn: Dei stupbratte fjellsidene, dei fråflytta gardane og dei ville fossefalla skapar ei oppleving du seint vil gløyme.

Fjorden er på sitt djupaste nesten 260 meter, medan fjella rundt ragar 1.600–1.700 meter over havet. Kontrastane er enorme – og mektige. Her har naturen fått spele hovudrolla i eit landskap som både overraskar og rører.

Fossefall og fjordgardar – ei levande historie

Langs fjordsidene stuper fleire av Noreg sine mest kjende fossefall rett i djupet. Dei sju systre , med sine sju tynne strålar, får selskap av Friaren på den andre sida – og den svevande sløret frå Brudesløret er eit syn i seg sjølv. Når sola skin på vatnet, kan du ofte sjå regnbogar danse over fjorden.

Mellom fossefalla, på smale hyller i fjellsidene, ligg dei fråflytta gardane Skageflå, Knivsflå, Blomberg, Matvik og Syltevik. Desse vitnar om ei tid då folk levde av det dei kunne hente ut frå fjord og fjell – eit liv som krevde både styrke og mot. I dag gir gardane eit historisk bakteppe til den storslåtte naturen, og fleire av dei kan du nå til fots eller sjå frå båt.

Opplev Geirangerfjorden

Fjorden er eit høgdepunkt for alle som vil utforske norsk natur på sitt mest dramatiske og vakre, og er eit must på reiseruta gjennom fjordlandskapet. Start gjerne besøket på Norsk Fjordsenter , der du får innsikt i naturkrefter, verdsarvstatus og levd liv i fjordbygda – ein fin introduksjon før du utforskar landskapet vidare på eiga hand eller med guide.

Den populære Nasjonal Turiststi Fosseråsa fører deg frå sentrum og opp til Storsæterfossen , der du kan gå bak det brusande fossefallet – ei naturoppleving heilt tett på. Og mange vel å ta fjordcruise for å kome tett på fossefall og fjordgardar, men du kan like gjerne ta deg opp til utsiktspunkt som Flydalsjuvet, Skageflå eller Dalsnibba og sjå landskapet ovanfrå.

Her får du oppleve norsk natur på sitt mest dramatiske og vakre – i ditt eige tempo.

Geirangerfjorden  ©Per Eide
©Per Eide
Geirangerfjorden  ©Visitnorway
©Visitnorway
Geirangerfjorden  ©Tone Molnes
©Tone Molnes
Geirangerfjorden  ©Tibe/visitalesund
©Tibe/visitalesund
Geirangerfjorden  ©Per Eide
©Per Eide

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjons-kapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjonskapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.