Sylteormen i Valldal

KULTUR

På Syltefjellet i Valldal ser du spor etter sjøormen som kong Olav den heilage skal ha kasta opp i fjellsida i år 1029.

Sylteormen – avtrykket etter sjøormen i Valldal

Dersom du står på kaia i Valldal, eller du er ute i kajakk på fjorden, så kan du sjå eit slangeaktig merke i fjellsida ved fjorden. Dette vert kalla Sylteormen, og segnet seier at det var kong Olav Haraldsson – også kalla Heilag Olav som kasta ormen opp i fjellet så det vart eit avtrykk av sjøormen.

Olav Haraldsson og Sylteormen

Olav Haraldsson er kjent for å ha samla Noreg til eitt rike og innført kristendomen. Etter eit nederlag mot danske og norske høvdingar i 1028, måtte han flykte. Han segla til Sunnmøre, innover til Valldal og Sylte, og flykta så austover mot Sverige og det som no er Russland.

Soga seier at då han segla innover Storfjorden vinteren 1029, og nærma seg Valldal, steig eit uhyre opp frå djupet. Ein sjøorm så stor og vill at sjølve fjorden skalv. Ormen kasta seg mot skipa for å hindre Olav i å nå land, men Olav lét seg ikkje knekke. Han greip ormen med ei åre, kjempa til han vann, og kasta sjøormen opp i fjellveggen der den sette seg fast. Merket etter kampen kan du enno sjå på sida av Syltefjellet i Valldal. Du ser merket tydeleg frå sentrum i Valldal. I sogene blir Olav sine møte med ormar tolka som symbol på dei indre og ytre kampane han kjempa – for tru, makt og framtid. Olav døde under slaget på Stiklestad i 1030.

Valldalsleia - ein pilegrimstur i fotspora til Olav

Soga fortel at Olav drog skipa sine på land i Valldal og tok vegen over fjellet mot Lesja og Dovre. Denne ruta dannar grunnlaget for Valldalsleia – ei fluktrute for kongen, men ein flott fottur som du kan gå med til dømes guideselskapet Ræin . Valldalsleia går frå Valldal til Dovre, og derifrå kan ein følgje Gudbrandsdalsleia til Trondheim og Nidarosdomen.

Det vart reist eit kors etter Olav på høgda over Sylte som har fått namnet Korsbrekka. Korset finn ein enkelt ved å følgje Valldalsleia frå sentrum.

Sylteormen i Valldal Sylteormen i Valldal på Syltefjellet ©Vivian Fjeldstad Nydal
Sylteormen i Valldal på Syltefjellet ©Vivian Fjeldstad Nydal
Sylteormen i Valldal Sylteormen på Syltefjellet ved Valldal ©Vivian Fjeldstad Nydal
Sylteormen på Syltefjellet ved Valldal ©Vivian Fjeldstad Nydal
Sylteormen i Valldal Sjå Sylteormen frå fjorden, eller frå kaia ©Vivian Fjeldstad Nydal
Sjå Sylteormen frå fjorden, eller frå kaia ©Vivian Fjeldstad Nydal

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjons-kapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjonskapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.