Terje Sporsem og John Brungot — Høy og Mørk
To av dei mest populære komikarane i landet har slått seg saman med eitt mål for auget: å gi deg eit skikkeleg artig show!
Og DET trengst når verda går meir og meir av hengslene.
Høy og Mørk er ei framsyning full av standup, musikk og parodiar – og du kan vere trygg på at latteren sit laust når John Brungot og Terje Sporsem gyv laus på tema som høge, mørke og maktsjuke leiarar, beredskap, generasjonskonfliktar og frykta for å brått vere den eldste i familien.
Kvifor vil nokon endre verda etter fylte 75? Var livet enklare på 80- og 90-talet? Og kan ein eigentleg «fake» seg gjennom det meste? John og Terje tek for seg både store livsspørsmål – og ting du ikkje visste at du trong svar på.
Gjer deg klar for ein kveld full av latter og god stemning!
Regi: Martin Beyer-Olsen
Kontaktinfo
- Telefon:70 01 77 00
- Nettside:http://www.sjoborg.no/kulturprogram/KUL20250392