Sunnivakoret og Ytre Suløens Jassensemble
Final countdown! '"Prosjektkoret som skulle vare eit år - eller to, har blitt ei fantastisk reise på snart 24 år''
Det blir difor "start and end" helga 10.-11.januar 2026, først på Parken, Ålesund, så Operahuset Nordfjord søndag.
Som vanleg med ein feiande New Orleansinspirert nyttårskonsert i tospann med Ytre Suløens jass-ensemble, men denne gongen også den endelege finalehelga for Sunnivakoret. Etter snart 24 år legg vi no inn årane for vårt kjære region- og prosjektkor, stifta tidleg hausten 2003 som eit viktig ledd i den første Sunnivafestivalen i Selje. Og som ofte før, sidan koret sine fleste medlemmar er rekruttert frå Ytre Nordfjord og Sunnmøre, naturleg med ein konsert i kvar region; Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane, som har vore nedslagsfeltet for nyttårskonsertane.
Ålesund og Parken kulturhus vart difor ein naturleg avslutningsarena på Sunnmøre på denne 20 år lange nyttårskonsert-tradisjonen. Dermed også ei avslutning med jubileum!