SIRKUS ELIASSEN // ROKKEN
Etter tolv lange år utan å gi ut musikk er dei folkekjære brørne frå Bodø ENDELEG tilbake!
Sirkus Eliassen slo for alvor gjennom i 2011 med «Hjem til dæ». Med låtar som «Æ vil bare dans», «Opp ned bak fram», «En gang til» og «Livet» er Sirkus Eliassen eit namn heile Noreg har eit forhold til – på tvers av både generasjonar og sjangrar. No vender dei endeleg tilbake til scena!
Sirkus Eliassen er kjende for store show med smittande energi og ekte speleglede, kombinert med eit glimt i auget og nær kontakt med publikum. På scena i 2026 vil dei by på både låtane alle kjenner frå før, og nytt materiale som skal løfte duoen vidare!
For mange blir dette eit etterlengta gjensyn – og for andre blir det ein første date. Sirkus Eliassen er nok ein gong klare for å lage fest!
13.03.26 står dei på scena på Rokken! Billettar i sal frå fredag 14.11.25 kl. 10:00 - on Tikkio!