Kveldstur med lundesafari frå Ålesund til Runde
Møt lundefuglen der land møter storhavet – magisk kveldstur på Runde.
Du reiser med hurtigbåt og buss til Runde Miljøsenter, der ein dyktig naturrettleiar tek imot og viser deg rundt i utstillinga. Etterpå får du sjå filmen Havets sølv – ein flott naturdokumentar om lundefuglane og økosystemet dei er ein del av her på Runde. Omvisinga blir avslutta med middag før turen går vidare til fuglefjellet.
Turen opp til fuglefjellet tek om lag 45 minutt. Undervegs er det mykje å sjå og oppleve, med fleire stopp på ruta. Oppe på fuglefjellet får du god tid til å sitje og nyte utsikta og dei fantastiske sjøfuglane. Med litt flaks kan du avslutte kvelden med at sola går ned i havet medan lundefuglane svermar i lufta over hovudet ditt.
Etter turen går bussen tilbake til hurtigbåtkaia for retur til Ålesund.
Praktisk informasjon
- 15:30 Turen startar frå Ålesund med offentlig transport, hurtigbåt til Hareid. På Hareid blir du møtt av West Auto, som fraktar deg til Runde. Etter fjelltur blir du transportert tilbake til hurtigbåten på Hareid.
- 23:15 Ankomst Ålesund
Inkludert i aktiviteten
- Privat busstransport frå Hareid – Runde
- Inngang til utstillingane på Runde Miljøsenter og visning av naturdokumentaren Havets Sølv , frå sunnmørskysten
- Husets fiskesuppe med heimbaka brød, kaffe/te
- Transport frå Runde Miljøsenter til starten av stien til fuglefjellet
- Eigen naturrettleiar på tur til fuglefjellet og spesielt lundeura der lundefuglen hekkar
- Sitteunderlag og kikkert til utlån
- Privat busstransport frå Runde – Hareid (til korresponderende hurtigbåt)
Turen inkluderer ikkje
- Båttransporten frå Ålesund- Hareid og retur Hareid - Ålesund.
Du må kle deg etter vêret. Vi tilrår vasstette sko, vind og/eller regnjakke og varme klede