Kardemomme By
Endeleg kjem Kardemomme by til Ulsteinvik!
Kardemommeby er ein ganske merkeleg by, og der skjer mykje som ikkje skjer andre stader. Der bur mellom anna politimeister Bastian med frue, den strenge tante Sofie og vesle Kamomilla, Tobias i tårnet, barberar Sørensen, trikkeførar Syversen, bakarmeisteren – og mange fleire. Og alle er dei litt redde for dei tre røvarane Kasper, Jesper og Jonatan. Ikkje minst fordi dei har ein løve buande hos seg!
Torbjørn Egners klassiske forteljing har gledd små og store i generasjonar. No kjem framsyninga endeleg tilbake til Sjøborg kulturhus, etter å ha spelt for over 25 000 publikummarar rundt om i landet. Ei sann glede for heile familien!
Regi: Robin A. Eriksen Koreografi: Liv Natalie Nymo Scenografi/kulissebygging: Tore Bjørnstad (Basert på Thorbjørn Egners originale teikningar) Musikkproduksjon: Songbird AS Lyd/lysansvarleg: Filip Sunnset Johannesen Inspisient: Emilie Hallem Scenemester: John Johannesen Kostyme: Tuva Listau Dukker: Frida Vige Helle
Produsert av Alive Entertainment AS etter avtale med Teaterforlaget Songbird AS
Kontaktinfo
- Telefon:70 01 77 00
- Nettside:http://www.sjoborg.no/kulturprogram/KUL20250092