Joy — Stranda

KULTUR

JOY - dans - konsert og lammetaco! Dette blir ein palmelaurdag med mykje innhald og mykje glede (joy!)

JOY - dans - konsert og lammetaco! Dette blir ein palmelaurdag med mykje innhald og mykje glede (joy!) Vi startar kvelden med å servere lammetaco frå buffét. Vidare blir det konsert og dans med JOY!

Historia om orkestert «Joy» Pop-rockbandet «Joy» vart starta i 1979, då nokre av medlemane i meir kjende «Akropolis» braut ut derifrå for å starte for seg sjølve. «Profflivet» var utfordrande, og etter nokre månadar var det over. Karane reiste kvar til sitt og Sigurd Drege var såleis attende på Stranda.

Spelelysta var framleis stor, og han kom etter kvart saman med trommeslagar Lars Egil Døving, som nyleg var attkomen frå teneste i Libanon, og Svein Arne Furset, som var ein gamal ringrev på Hammond-orgelet sitt. Alle tre hadde lang røynsle frå diverse orkester - sistnemnde alt frå «Candles» midt på 1960-talet. Namn som «Fem på Fem», «Butterfly Galore» og «Akropolis» kling nok framleis godt i mange strandarar sine øyrer.

Då populære «Mon Cheri», gav seg, vart «Joy» etter kvart utvida med brørne Arnfinn og Ole Bjørn Siem. Repertoaret inneheld dansbar pop, country, soul- og rock. «Joy» var populære i store delar av Midt-Noreg og hadde mellom anna stor suksess på danserestauranten «Monte Cristo» i Trondheim. Dei fleste danseplassane i Møre og Romsdal hadde nok besøk av orkesteret på 80- og 90-talet. Høgdepunktet i karrieren kom då «Joy» var med i tv-serien «Kom og dans», med Johan Fasting på NRK.

Familieliv, jobb og andre høve førte til ein lang pause, men då Storfjord Kulturhus skipa til konserten «Syttitalsbanda på Stranda» i 2015, stilte «Joy» opp og spelte som aldri før. «Joy» var sist i programmet, og ståande applaus og trampeklapp frå ein fullsett sal synte kor populære dei gamle banda framleis var.

Endå ti år seinare er «Joy» framleis i live - med like stor speleglede som før, og vel så det... Arnfinn, Svein Arne, Lars Egil og Sigurd er framleis med, medan Ole Bjørn, som har flytta frå Sunnmøre, er erstatta med son til Sigurd - Geir Olav Eide Drege, som har blitt ein kløppar på bass og gitar.

Spelelista inneheld kjende og kjære låtar frå nokre år attende, og dei aller fleste er fine å danse til. Vi satsar på fullsett sal og stor stemning når «Joy» spelar påska inn «Palmelaurdag», 28. mars.

JOY er: Arnfinn Siem - gitar, bass, vokal Svein Arne Furset - orgel, keyboard, vokal Lars Egil Døving - trommer, vokal Geir Olav Eide Drege - bass, gitar, vokal Sigurd Drege - vokal, perkusjon, munnspel

Lammetacobuffét kl. 19.00 Konsert: kl. 21.00

Joy - Stranda  ©Joy
©Joy

Kontaktinfo

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjons-kapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjonskapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.