«Gitaristen fyller 70» — Rune Ertesvåg med gjestar
Rune Ertesvåg fyller 70 - og inviterer til konsert på Sjøborg med gjestar.
Ruben Det legendariske Ålesundsbandet frå midten av 70-talet, av mange rekna som Sunnmøre si første «supergruppe». Med medlemer henta frå dei beste banda og heile tre vokalistar, var Ruben eit fyrtårn i regionens musikkscene. No er dei klare for å løfte taket på Sjøborg.
Überjam Eit av dei mest kjende banda blant musikkinteresserte på Sunnmøre i dag. Überjam leverer funky, vestkystinspirert instrumentalmusikk med slappbass, bluesa gitar, tung Hammond og jazzdrivne trommer. Her er det berre å lene seg tilbake og la grooven ta over.
Ulstein Storband Med spesialskrivne arrangement til nettopp denne konserten, henta frå prosjektet Blues Meets Jazz (Tysk Radio Storband & Robben Ford), blir dette eit høgdepunkt for alle som set pris på storband i toppform.
Vi lovar ein uhøgtideleg, energifylt og stemningsfull kveld – ein musikalsk fest verdig eit 70-årsjubileum. Kom og bli med når Rune inviterer til ei feiring fylt av spennande musikk, nostalgi og god musikk!
Kontaktinfo
- Telefon:70 01 77 00
- Nettside:http://www.sjoborg.no/kulturprogram/KUL20250511