Flygelkonsert med Greg Niemczuk
Polsk klavervirtuos til Ørsta kulturhus - Greg Niemczuk kjem endeleg tilbake!
«Klassisk musikk for alle» - Grieg, Chopin Brahms, Mendelssohn, Schubert, Liszt, Schumann
Greg Niemczuk er ein av dei fremste pianistane i Polen. Han er fødd i 1985 og gjekk ut frå musikkakademiet i Katowice med høgste karakterar. Pianisten har no heile verda som sitt verkefelt. Han har hatt konsertar i dei fleste europeiske land, og også Amerika, Asia, Afrika og Australia.
Greg Niemczuk vann i 2010 førstepris i den prestisjetunge nasjonale Chopin- konkurransen i Warszawa, og han blir no betrakta som ein av verdas fremste Chopin-tolkarar. I januar 2013 vann han Carnegie Hall sin debutantpris i skarp konkurranse med mange av verdas fremste instrumentalistar.
Greg Niemczuk har fått eit stort navn her i landet. Han har holdt konsertar i Noreg sidan 2010 og gjennomfører årleg to store turnéar her. Han har holdt konsertar på 38 forskjellige kulturhus i Norge – og besøkt kvart av dei fleire gonger. Uoffisielt er han den mest turnerande pianisten i Noreg. Etter all turneringa og alle konsertane her, har han fått ei helt spesiell tilknytning til landet vårt. Han er blitt ein sann noregsvenn og ser på Noreg som sitt andre fedreland. Dette er fjerde gongen Greg gjestar oss her i Ørsta.
Det er dei store romantiske komponistane frå 1800-talet Greg Niemczuk skal tolke for oss denne gongen. I kveldens program får vi høyre dei vakraste og mest kjende klaververka av Schubert, Schumann, Verdi, Mendelssohn, Liszt, Chopin, Brahms og vår eigen Edvard Grieg. Overalt der Greg spelar blir han invitert tilbake. Hovedgrunnen er naturlegvis at han er ein så eineståande begava og dyktig pianist, men også fordi han er ein så hyggeleg person. Vennleg, åpen, utadvendt, alltid smilande, begeistra, glad i menneske, beskjeden og takknemlig for alt – elska og høgt respektert overalt. Ein stor personlegdom med eit vinnande vesen!
Kontaktinfo
- E-post:post@orstakulturhus.no
- Nettside:http://www.orsta.kulturhus.no