Fermentert — Erlend Osnes
Erlend Osnes – frittalande, fryktlaus og full av historier
Erlend Osnes, busett i Bodø, er kjend som ein frittalande og uredd komikar – ein historieforteljar av rang. Med sin sjølvsikre stil og trygge, skarpe formidling, har han etablert seg som ein av dei mest kjende og elska komikarane i landet.
For tida er han på turné med sitt fjerde soloshow, «Fermentert», vi er glad for at han legg turen til Sjøborg i samband med Smak av Ulstein 2026.
Framsyninga på Sentrum Scene i Oslo 13. mars var heilt fullsett, og no blir det sett opp ekstraframsyningar på Hovudscenen på Latter i september. I tillegg kan storbyar som Bergen, Stavanger, Trondheim, Tromsø – og ikkje minst Ulsteinvik – gle seg til å få besøk av denne slagkraftige komikaren.
«Fermentert» stadfestar Erlend Osnes som ein av Noregs beste historieforteljarar, med hysteriske skildringar frå eigen kvardag, eit skråblikk på tingenes tilstand – og mykje latter. Det er tidvis mørkt, tidvis på kanten, men alltid veldig morosamt.
Velkomen til eit standup-show du seint vil gløyme!
Kontaktinfo
- Telefon:70 01 77 00
- Nettside:http://www.sjoborg.no/kulturprogram/KUL20250128