Familietur i kajakk med Uteguiden i Valldal
Bli med på ein trygg og fin familietur i kajakk på den fredelege fjorden i Valldal. Ei oase like ved Trollstigen, Geiranger og Ålesund.
Familietur på den stille fjorden
Denne guida kajakkturen i Valldal passar perfekt for familiar som vil oppleve fjorden. Turen går i roleg farvatn, og lengda blir tilpassa gruppa – med god tid til leik og utforsking undervegs. Her får både store og små moglegheita til å nyte naturen frå eit unikt perspektiv.
Meir enn ein padletur
Guiden deler spennande historier, sagn og lokale legender som gir dykk eit innblikk i livet i Valldal før og no. Dette er meir enn ein padletur – det er ei forteljing om landskapet, kulturen og menneska som bur her.
Praktisk informasjon
• Rundtur med start og slutt i Valldal • Barn mellom 5 og 13 år må sitje i dobbelkajakk saman med ein vaksen • Alt nødvendig utstyr er inkludert
Kontaktinfo
- Telefon:+47 40 55 46 70
- E-post:travel@uteguiden.com
- Nettside:http://uteguiden.com/havkajakk/familietur-valldal/