Erik Bye-kveld på Fredheim
-Det gikk en kjempe igjennom landet, han var ydmyk om han var stor.
Han trådde varsamt på veg og vidde, og han for itte med store ord… Nei – dette er ikkje Erik Bye, men derimot Erik sine ord om vennen Alf Prøysen.
Same kveld dødsbudskapen om Alf Prøysen kom, skreiv han denne ikoniskse visa om Alf. På denne Erik Bye-kvelden på Fredheim skal vi snu spegelen, for denne teksta kunne like gjerne vore skriven om han sjølv, med eit par unntak. Setninga om at han «trådte varleg på væg og vidde» må omformast, for Erik Bye tok desidert større steg, tok meir plass i lag og lyd enn forsiktige Alf Prøysen.
Var det noko han brann for, som han opplevde som urettferdig, kunne stega bli store og orda markante og velartikulerte. Han løfta fram dei svake, dei marginaliserte. Han gav stemme tilså vel uteliggarar og uteseglarar, som til folk med utviklingshemningar og andre vanskar.
Erik Bye er ikkje mindre enn ein av våre største kulturpersonar gjennom tidene. Ein mann som like gjerne var å finne mellom fattige uteliggarar, ramsalte fiskarar, forfylla krigs-seilarar, som mellom statsleiarar, hollywoodstjerner og kongelege. Han femna alle.
Con Moto har børsta støv av mange av hans fine viser og songar,i nyare arrangement, og vil dele desse med alle som likar Erik Bye sine skildringar av Hildringstimen, Vår Herres klinkekule, Blå salme, Anna Lovinda, Skomværsvalsen, Så spiller vi harmonika og fleire.
Kontaktinfo
- Telefon:70 01 77 00
- Nettside:http://www.sjoborg.no/kulturprogram/KUL20260123