Creedence Forever
Spel noko Creedence då!
Creedence Forever er truleg Noregs beste tribute-band som spelar musikken til Creedence Clearwater Revival – og dei har teke denne oppmodinga på alvor.
Creedence Clearwater Revival er som The Beatles – eit band ingen blir lei av! I dag, meir enn 50 år etter at bandet blei oppløyst, er musikken og songane deira like populære.
Allsongfaktoren er skyhøg når Creedence Forever dreg i gang kjende og kjære låtar som Have You Ever Seen the Rain, Down on the Corner, Up Around the Bend, Who’ll Stop the Rain, Cotton Fields og Proud Mary – og mange, mange fleire. Alt levert med ei innleving og snert som set seg i sjela.
Creedence Forever turnerer store delar av Noreg, og er kjende for å skape ekte Creedence-stemning frå første tone. Dette er noko alle vener og fans av Creedence må få med seg!
Creedence Forever har base i Bergen og består av Karl Henrik Svensson (vokal/gitar), Karl Petter Haugen (bass/vokal), Jordan Saratonev (trommer) og Helge Laastad (gitar/vokal).
Kontaktinfo
- Telefon:70 01 77 00
- Nettside:http://www.sjoborg.no/kulturprogram/KUL20260185