Coasteering på Runde
Har du nokon gang lurt på korleis det er å oppleve livet og kreftene i havet på nært hald? Kjenne bølgene som kjem inn frå storhavet på kroppen?
Opplev havet gjennom å vere i havet, utstyrt med våtdrakt, redningsvest og hjelm.
Kva er coasteering?
Coasteering er ei blanding av å bevege seg på land og i vatnet. Du skal symje, gå, klyve og flyte. Ein kjekk aktivitet som passer for dei aller fleste! Du får oppleve er ein heilt ny måte å sjå fjøresona på. Kom tett på tare som duvar i rørsla til vatnet eller levande vesen du sjeldan får sjå. Naturrettleiaren deler forskingsbasert kunnskap om naturen på Runde, med stort fokus på å lære noko nytt om havet!
Inkludert
- Alt du trenger av utstyr (våtdrakt, hjelm, flytevest, sko, hanskar og handduk)
- Varm drikke etter endt aktivitet
Praktisk informasjon
- Ta med badetøy til å ha under våtdrakta, handduk og ein pose til å ha vått tøy i etter aktiviteten
- Ullundertøy kan vere fint å ha under drakta for betre varme og komfort
- For å bli med på aktiviteten må være i normal fysisk form.
Kontaktinfo
- Telefon:+47 700 80 800
- E-post:booking@runde.no
- Nettside:http://www.opplevrunde.no/aktuelt/nyheit-coasteering