Bakarbandet med gjestar
Bakarbandet er tilbake på Club Sjøborg etter den vellukka konserten i mars. Fullt hus og gode tilbakemeldingar – vi håper på tilsvarande stemning i januar 2026.
Bakarbandet har no desse musikarane med:
Leiv Arne Nydal, fiolin Ronny Jakobsen, trommer og song Øystein Djupvik, bass og song Øyvin Sønnesyn, tangentinstrument og song Ståle Rasmussen, gitar, mandolin og song I tillegg får bandet denne kvelden hjelp av fleire andre songsolistar, mellom andre Arnhild Bjerkvik som med si vakre stemme aukar enno meir spennet i musikken.
Bakarbandet er inspirert av norsk og skotsk/irsk folkemusikk, men også blues og rock. Variasjonen er stor, mykje musikk frå 70- og 80-talet, men også nyare låtar.
Leiv Arne Nydal har ein eigen bolk med vakre tonar frå sin fiolin, i tillegg til andre solistinnslag frå kjende stemmer i regionen - kortreist og lokalt.
Det er fritt seteval. For reservasjon av bord, kan de sende e-post til sjoborg@ulstein.kommune.no.
Kontaktinfo
- Telefon:70 01 77 00
- Nettside:http://www.sjoborg.no/kulturprogram/KUL20250513