Kurstilbod haust 2026
Som ein del av Norwegian Travel Cluster (NTC), kan Visit NorthWest tilby deg som partner ei rekke kurs og kompetansehevande tiltak. Med rabattkode og ein sterkt redusert pris, er dette ein del av fordelane ved å vera partner i destinasjonsselskapet. Alle kurs er digitale og varer normalt 1 – 2 timar. Kursa kan takast enkeltvis etter interesse, men det er også tilrådd å ta dei som ein serie for ein meir grundig innføring. Sjå meir informasjon om kursa og finn rabattkodar under.
KI og ny teknologi
Det er eit sterkt behov for å styrkje kunnskap om KI og ny teknologi i reiselivet. Denne hausten tilbyr vi sju kurs fordelt på to nivå: eitt for nybegynnare som aldri har nytta KI eller treng ei grunnleggande innføring (nivå A), og eitt for dei som har brukt KI ein del frå før (nivå B).
Nivå A – KI for nybegynnare
- A1 – Kom i gang med KI: 6. oktober
- A2 – Trygg og ansvarleg bruk av KI: 13. oktober
- A3 – KI som praktisk arbeidshjelp: 20. oktober
- A4 – Koble e-post, kalender og rekneskap til Claude: 27. oktober
- A5 – Lag KI-policy for eigen bedrift: 2. november
Nivå B – KI for litt erfarne
- B1 – KI i marknadsføring og innhald: 12. november
- B2 – KI i produktutvikling og gjesteinnsikt: 17. november
💰 Pris: 2 000 kr per kurs. Rabattkoden MEDLEM26 gir deg som partner 75% avslag.
Tilgjengelegheit som konkurransekraft
Tilgjengelegheit er bra for business, bra for gjestene og bra for lokalsamfunnet. Norsk reiseliv har eit stort potensial til å bli meir tilgjengeleg – og ofte er det små grep som skal til. I denne fireparts kursserien, utvikla saman med Sunnaasstiftelsen og Inklu-Beitostølen, får bedriftene ei praktisk og konkret innføring i temaet.
- 1/4 – Frå potensial til lønnsam praksis: 4. november
- 2/4 – Ein trinn-for-trinn-guide: 11. november
- 3/4 – Korleis kommunisere i digitale flater?: 18. november
- 4/4 – Godt vertskap for alle?: 25. november
💰 Pris: 2 000 kr per kurs. Rabattkoden MEDLEM26 gir deg som partner 75% avslag.
VertsKommunen 3. november
VertsKommunen er den årlege, nasjonale konferansen for det lokale reiselivet. Målgruppa er kommune- og destinasjonsleiing som vil hente inspirasjon, innsikt og erfaringar frå berekraftig reiselivsutvikling på tvers av landet.
💰 Pris: 3 850 kr. Med rabattkoden PARTNAR26 er arrangementet gratis å delta på for deg som er partner i Visit NorthWest.
Vi tar gjerne di tilbakemelding
Ikkje nøl med å ta kontakt om du har nokon spørsmål eller innspel.