Korleis påverkar verdssituasjonen sommarsesongen?

Trass i global uro og meir uforutsigbare marknadar peikar fleire aktørar på stabile eller aukande bookingar til Noreg. Samtidig ser vi endringar i bookingmønster som kan påverke sommarsesongen.

Korleis påverkar verdssituasjonen sommarsesongen?
Den urolege verdssituasjonen kan skape usikkerheit også for oss i reiselivsnæringa. Fleire aktørar peikar likevel på eit samansett bilete der utfordringar i nokre marknader kan bli balansert av moglegheiter i andre.
Det er også ein del positive signal frå både flyselskap og turoperatørar, men det kan skje endringar på kort varsel.

Enkelte hotellkjeder melder om ein viss nedgang i bookingar frå Asia, men forventar at dette kan bli kompensert av auka etterspurnad frå Europa og nærliggande marknader. Dei store ferjeselskapa inn til Noreg har førebels ingen endringar i trafikken.

Positive tendensar i flytrafikken

Når det gjeld flytrafikken inn til Norge, er det mange positive signal trass i auka drivstoffprisar og ustabil verdssituasjon. Fleire flyselskap melder om gode bestillingar på innkommande trafikk til Noreg framover, og at dei også aukar kapasiteten på fleire flygingar. Det var ein dropp hos nokre i vinter då krigen eskalerte, men dette ser ut til å ta seg opp igjen.

Fleire seine bestillingar, men god etterspurnad
Den geopolitiske uroa påverkar marknadene ulikt. Asia viser noko meir usikkerheit hos enkelte flyselskap, medan andre oversjøiske marknader, særleg USA, er prega av at reisande bestiller seinare enn før. Den siste tida er det meldt om oppsving i bestillingane.

Det er også signal frå ein del flyselskap som tyder på at etterspurnaden etter Norge held seg oppe, og det er meldt om gode bestillingar inn til nordiske hubar som til dømes Helsinki. Helsinki har stor trafikk frå særleg Asia, og trafikken går då gjerne vidare til andre skandinaviske land som Noreg.

Enkelte internasjonale turoperatørar melder om nedgang i sal frå sine destinasjonar til land som Egypt og Midtausten, og fleire peikar på Norden som eit attraktivt alternativ. Dette gir positive utsikter for Noreg, og mange opplever god utvikling i salet.

Meir uforutsigbar marknad

Samla sett peikar altså mykje i retning av at etterspurnaden held seg oppe, men at marknaden er meir uforutsigbar enn vanleg, og at det kanskje kjem fleire endringar og bestillingar tett opp til hovudsesongen. Dei komande vekene vil gi eit tydelegare bilete av utviklinga.

Fleire norske gjestar?

Det er samstundes meldt at færre nordmenn ser ut til å reise utanlands i sommar, så det er ting som tyder på at vi kan forvente fleire norske gjestar i sommar.

Råd og oppfølging for kontrakter
Blant bedriftene i regionen har det vore enkelte spørsmål vedrørande endring av betingelsar og kanselleringsfristar i kontrakter. NHO Reiseliv og Virke kan vere behjelpelege med å svare på spørsmål rundt dette. Ta kontakt med den organisasjonen di bedrift er medlem i.

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjons-kapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjonskapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.