Kampanjerapporter 2026
Kvart klikk tel. Kvar visning betyr noko. I 2026 er Visit Nordvest og Destinasjon Ålesund & Sunnmøre blitt til Visit NorthWest – éi merkevare og éin samla destinasjon. Målet er det same som før: å nå eit reiseinteressert publikum året rundt med relevant og inspirerande reiselivsinnhald, gjennom målretta digital marknadsføring.
Vedlagt finn du årets kampanjerapport for fyrste halvår. Her får du ikkje berre tal, men også innsikt i kva vi gjorde, kvifor vi gjorde det, og kva vi tek med oss vidare. Du får ein oversikt over verkemiddel, resultat og grepa som hjelper oss å skilje oss ut i eit marknad fullt av sterke reisemål.
Ei fullstendig oversikt over alle marknadskampanjane i 2026 finn du her: Markedskampanjer 2026.
Takk for at du les – og for at du er med og løftar Møre og Romsdal.
Andre synlegheitstiltak
I tillegg til kampanjearbeidet som blir gjort i ulike sesongar jobbar vi jamnt med synlegheit på regionens destinasjonsnettside.
Synlegheit på web | fjordnorway.com og visitnorway.com
Som partner i destinasjonsselskapet Visit NorthWest blir produktpresentasjonen din vist på to sentrale reiseportalar:
- visitnorway.com – Norges største reiseportal
- fjordnorway.com – reiseportalen for Vestlandet
| Trafikk og synlegheit | Besøk per år | Andel organisk trafikk |
|---|---|---|
| visitnorway.com | ca. 20 millionar | ca. 90 % |
| fjordnorway.com | ca. 2 millionar | ca. 70 % |
Denne synlegheita er verdifull fordi du når eit publikum som:
- allereie har lyst til å reise til Norge og/eller Vestlandet
- aktivt leitar etter det Norge og regionen vår har å by på
- i stor grad har søkt seg til nettsida, det vil si at mykje av trafikken er organisk (ubetalt) og ikkje resultat av annonsering
I sommarhalvåret er om lag halvparten av dei besøkande allereie i Norge når dei besøker nettsida. Da når du kundar som ikkje berre planlegg eller drøymer om ei reise – dei er allereie her, og leitar etter opplevingar og tenester akkurat no.
Always on | internasjonal synlegheit
Parallelt med dei norske kampanjane har vi køyrt ein løpande always on-aktivitet i Google, retta mot internasjonale marknader (Belgia, Tyskland, Storbritannia, Nederland, Danmark, Sveits og New York), med mål om synlegheit og trafikk til vår engelske nettside.
I perioden 1. januar–26. mai 2026 gav kampanjen 1,8 millionar visningar og 13 270 økter i Google Analytics (GA4) knytt til kampanjesida, med ein klikkfrekvens på 1,50 %. Belgia og Tyskland var dei sterkaste marknadene. Trafikken kom hovudsakleg via visuelle inspirasjonsflater som Google Displaynettverk og Discover.
Kampanjen har gitt regionen god eksponering internasjonalt, og treffer godt eit publikum tidleg i inspirasjons- og planleggingsfasen.
Dette synlegheitstiltaket går heile året og innhaldet i kampanja oppdaterast med jamne mellomrom.