Generalforsamling & Bransjetreff
Bli med på første ordinære generalforsamling og bransjetreff for Visit Northwest som blir arrangert på Eggen, Åndalsnes onsdag 27. mai. Merk at det er kort påmeldingsfrist: 19. mai 2026. Signerer du partneravtale seinast 19. mai, får du halv pris på deltakaravgifta.
Del 1: Generalforsamling
| 09.10-09.50 Registrering Vi ber alle om å kome i god tid før møtestart for ein prat med kollegaer, for å nyte utsikta – og få eit fint instagrambilde! Gondolen har avgang frå Fjordstasjonen kvar heile og halve time frå kl. 09.00. |
| 10.00-10.45 Generalforsamling Visit Northwest AS Innkalling og saksliste vert sendt til alle aksjonærar i Visit Northwest AS. |
| 10.45-10.55 Kort pause og registrering for dei som ikkje kom til generalforsamlinga. |
Del 2: Bransjetreff
| 11.00-11.45 Velkomen! Reiselivsdirektør i Visit Northwest, Tom Anker Skrede ønsker velkomen. Presentasjon av namn, logo, planar og målsettingar for Visit Northwest. |
| 11.50-12.10 Fogderi og fanteskap Er Møre og Romsdal egentlig eit reiselivsfylke? Reisejournalist Odd Roar Lange tar deg med på ei humoristisk reise gjennom Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre – om turistar, fjordar, lokalpatriotisme og evig kiving om kven som egentlig er best. |
| 12.15-13.10 Lunsj og bli kjent med kollegaer |
| 13.15-14.00 Slik kan KI løfte di reiselivsbedrift Nici Pagels er Technology & Digital Director i Nordic Tourism Collective og har 20 års erfaring frå reiselivsnæringa og bidrar i den viktige og innovative kursrekka Tech Friday som alle våre partnarar kan bli med på. Nici gir oss ei praktisk innføring i korleis kunstig intelligens endrar reiselivet frå synlegheit og marknadsføring til distribusjon og kundereiser. Konkrete tips til korleis du kan bruke KI smartare. Erik Aasen er webansvarleg hos Fjord Norge AS og vår felles nettside fjordnorway.com. Han vil gi oss sine tips og vinklingar på korleis di bedrift kan bruke KI for å bli meir synleg. |
| 14.05-14.15 Sofadiskusjon og spørsmål |
| 14.15-14.25 Friminutt |
| 14.30-15.00 Kvar i all verda går verda? Roger Sevrin Bruland tek oss gjennom sine opplevingar som NRK-korrespondent då Russland starta sin fullskala invasjon av Ukraina i 2022. Kva tenker han om situasjonen no? Korleis påverkar dette oss? |
| 15.05 - 15.25 Korleis påverkar verdssituasjonen reiselivsnæringa? Sparebanken Møre gir oss innsikt i korleis uro i verdsøkonomien reisevanane, investeringane og framtidsutsiktene påverkar reiselivet. Refleksjonar rundt korleis den internasjonale situasjonen verkar inn på både forbrukarar og næringsliv, og kva dette kan bety for reiselivsaktørane i Møre og Romsdal i tida framover. |
| 15.25-15.35 Beinstrekk |
| 15.35-15.55 Den nye oljen, eller tapte moglegheiter? «Etterspørselen etter autentiske og eksklusive opplevelser vokser raskere enn bransjen klarer å levere. Uten økt samarbeid, innovasjon og satsing på kvalitet risikerer regionen å gå glipp av et historisk vekstpotensial.» Dette skriv PWC i ein ny rapport om nordisk reiseliv med Noreg som case-studie. Jørgen Jøsok Bjørngaard frå PWC presenterer. |
| 16.00-16.30 Framtidsretta investeringar i generasjonar Hotel Union Geiranger – Monja Mjelva, fjerde generasjon hotellvertskap og leiar for Geiranger sin største arbeidsplass. |
| 16.30-16.40 Oppsummering |
Del 3: Middag og hyggeleg samvær med gode kollegaer
17.30 3-retters middag på Eggen Restaurant
Deltakaravgift - husk påmeldingsfrist 19. mai!
Del 1:
Generalforsamlinga er kostnadsfri for alle.
Del 2:
Pris for partnarar som har signert partneravtale seinast 19. mai: Kr 500,- per person.
Pris for ikkje-partnarar: Kr 1000,- per person.
Del 3:
3-retters middag på Eggen Restaurant Kr 775 per person.
Blir fakturert. Drikke betalast på staden.
Vi gjer merksam på at det kan kome mindre endringar i programmet.
Gondolbillett:
Billetten er inkludert/gratis for alle deltakarar ved å oppgi "Visit Northwest" i billettluka.
Praktisk informasjon:
Gondolen har avgang frå Fjordstasjonen kvar heile og halve time frå kl. 09.00. Retur ned frå Eggen, tilsvarande kvar heile og halve time. Siste gondol ned frå Eggen kl. 20.30.
Treng du overnatting?
Grand Hotel Åndalsnes har sett av eit avgrensa tal rom 26. og 27. mai.
Enkeltrom kr 1420,- per natt - Dobbeltrom kr 1730,- per natt
Bestill direkte hos Grand Hotel Åndalsnes ved å oppgi bookingkode 87865.
Ring 71 22 75 00 eller send epost til: booking@grandhotel.no