Historisk dag med generalforsamling og bransjetreff for Visit NorthWest
Ein dag for historiebøkene! Over 90 deltakarar samla seg i Åndalsnes då Visit NorthWest AS arrangerte si første generalforsamling og bransjetreff for reiselivsnæringa i Møre og Romsdal.
Generalforsamlinga valde styremedlemer til Visit NorthWest AS
Det nye destinasjonsselskapet Visit NorthWest AS blei stifta 11. desember 2025, og no med den første ordinære generalforsamlinga 27.mai 2026 er selskapet formelt etablert med namn, logo og styre. Her er dei som er valt inn i det første historiske styret:
- Stephen Meinich-Bache, Classic Norway Hotels (styreleiar)
- Oscar Almgren, Uteguiden
- Monica Berstad, Cruise Norway
- Kenneth Enæs-Hanssen, Norwegian Travel
- Kristianne Møller Havnevik, Conta
- Ludvig Håndlykken Strøm, 62°NORD
- Einar Arve Nordang, Stranda kommune
- Eigunn Stav Sætre, Nordmørsmusea
- Tove-Lise Torve, Sunndal Næringsselskap
- Lise Ulstein, Volda kommune
Bransjetreff med lansering av ny logo
Etter generalforsamlinga samla over 90 deltakarar seg til bransjetreff.
Reiselivsdirektør Tom Anker Skrede ønskte velkomen og løfta fram at samarbeid på tvers av regionane er eit viktig steg for å styrke reiselivet i fylket framover. Han peika også på at den nye modellen for destinasjonsselskap har vekt interesse utover regionen.
Offisiell markering med "snorseremoni"
Det vart vidare gjennomført ei symbolsk markering der representantar frå dei tidlegare selskapa spleisa saman to klatretau – som eit bilete på samlinga av reiselivet i Møre og Romsdal. Ordførar i Rauma kommune, Yvonne Wold, var «gudmor» for markeringa og heldt ein flott tale.
Inspirerande og lærerike presentasjonar
Salgssjef Oddhild Breivik og marknadssjef Torill Berge Brandal presenterte arbeidet med turoperatørar og marknadsføring i det nye destinasjonsselskapet.
Reiselivsjournalist Odd Roar Lange kåserte om fogderistriden i fylket og skildra med humor og snert dei ulike delane av Møre og Romsdal som no er samla i eitt reiselivssamarbeid.
Nicole Pagels frå Nordic Tourism Collective og Erik H. Aasen frå Fjord Norge AS ga ei innføring i korleis kunstig intelligens er i ferd med å endre reiselivet – frå synlegheit og marknadsføring til distribusjon og kundereiser.
Roger Sevrin Bruland, tidlegare NRK-korrespondent, gav deltakarane ein tankevekkjar om krig og uro i Europa, og delte erfaringar og menneskemøte frå tida si som utanrikskorrespondent.
Jørgen Jøsok Bjørngaard frå PwC presenterte ein ny rapport om historiske vekstmoglegheiter i norsk reiseliv, medan Sparebanken Møre reflekterte rundt korleis den internasjonale situasjonen påverkar både forbrukarar og reiselivsnæringa.
Til slutt fekk deltakarane engasjerte presentasjonar frå Union Geiranger med Monja Mjelva og Tonje Alvestad Ytrebø, og Classic Norway Hotels ved Erik Berg.
Bransjetreffet vart avslutta med ein nydeleg tre-rettars middag med spektakulær utsikt frå Eggen Restaurant.