Felles KI-satsning for norsk reiseliv
Visit NorthWest er blant 29 norske destinasjonsselskap, frå Lindesnes til Svalbard, som no lanserer ein felles KI-basert reiseplanleggjar gjennom plattforma Mindtrip. Dette er blant dei første satsingane av sitt slag i Europa. Kampanjen har ei varigheit på eit år og skal lanserast hausten 2026.
Kva er Mindtrip?
Mindtrip er ein internasjonal KI-plattform der reisande kan planleggje reisa sin gjennom samtale med ein KI-assistent: stille spørsmål, få lokale anbefalingar og byggje reiseruter basert på innhald frå destinasjonane sjølve. Norwegian Travel Cluster er blant dei første europeiske partnarane til Mindtrip, og Visit NorthWest er ein del av denne reiselivskynga.
Målet er at regionen sine opplevingar og bedrifter skal bli løfta fram etter kvart som fleire reisande brukar KI til å planleggje ferien.
Byggjer på merkeordninga til Innovasjon Norge
Alle dei 29 destinasjonane er ein del av Merket for berekraftig reisemål, og dette ligg til grunn for satsinga. Målet er blant anna å bidra til å spreie trafikk bort frå pressområde og løfte fram lokale opplevingar med staden sitt eige særpreg.
Felles læring
Destinasjonane deltek i eit felles læringsløp der dei testar KI-genererte sider og nye digitale brukarflater. Erfaringane skal gje lokale reiselivsbedrifter betre synlegheit i møte med nye søkje- og planleggingsvanar.
Kva betyr dette for deg?
Fleire og fleire reisande brukar KI til å planleggje ferien sin. Gjennom denne satsinga fremmar vi kvalitetssikra informasjon om regionen, og om dykkar opplevingar og tenester, som ligg til grunn når KI-assistentar gjev råd til reisande. I tillegg får vi verdifull innsikt i korleis reisande faktisk søkjer og planlegg, noko vi kan bruke til å gjere marknadsføringa endå meir treffsikker. Det gjer oss betre rusta til å nå fram i konkurransen om merksemda, samstundes som vi kan bidra til å styre trafikken på ein måte som kjem regionen til gode.
Spørsmål? Ta gjerne kontakt med oss i Visit NorthWest.
Kjelde: Norwegian Travel Cluster, 8.7.2026